Frode Svindseth

Posts Tagged ‘#mikronæringsstoff’

Kven har greie på vitamin og mineral?

In #vitamin #mineral on juni 27, 2021 at 14:43

(c) Copyright 2021 – All Rights Reserved Frode Svindseth

Nokon spør: Kor gjeng ein for å få råd om vitamin og mineral:

Ja, indremedisin og immunologi, er rett stad, for lege. Men no er det næringsmiddel, og fri import: Les boka “The Better Brain – Overcome Anxiety, Combat Depression, and Reduce ADHD and Stress with Nutrition” av Bonnie J Kaplan, PhD og Julie J. Rucklidge, PhD.

Det ein treng å gjere for å bruke vitamin og mineral, er å ta i bruk dei Canadiske Alberta næringsstoffa, som har alt du treng av vitamin, mineral og aminosyrer. Dette er standarden på feltet. Det er desse tilskota det blir forska på. Og du velg anten den kliniske versjonen, eller tek mindre, eventuelt Hardy “Optimal Balance”.

Både Truehope og Hardy Nutritional, kan vegleie deg kor mykje ein skal ta og korleis. Tilskota frå delstaten Alberta i Canada, er paradigmeskiftet innan bruk av vitamin og mineral.

Før tok ein eittog eitt, også forska ein på eitt og eitt. Men det har ikkje førd fram – i alle fall ikkje dei siste hundre år. Dei som fann opp Alberta-tilskota (etter delstaten i Canada), har ikkje PhD, så dei visste ikkje at ein måtte ta eitt og eitt)

No tek ein ca 30 vitamin og mineral i ei blanding, som dei siste 20 år har vist seg effektiv. Det er mogleg å legge til noko, ved behov, men ta dette opp med support-tenesta til dei to leverandørane.

Det er dei som har erfaringa med bruken av dette.

Forskinga på desse tilskota, er fullstendig uavhengig. Og ingen av dei involverte forskarane mottek midlar frå produsentane.

Professor Julia Ruckledge, har eit stort forskingssenter på Universitetet i Canterbury, New Zealand, som ser på bruk av Alberta-tilskota, og kjend som micronutrients: Te Puna Toiora: Mental Health and Nutrition Research.

Dette er banebrytande i anvending og forsking på tilskot. I tilfelle ein synes micronutrients blir for dyrt, anbefaler eg eit middelhavskosthald, men helst i tillegg.

Sjå og sida til professor emeritus Bonnie Kaplan, der ein finn video og anna mediastoff om micronutrients og forskinga.

– Dyre testar er ikkje naudsynt. Om ein er interessert i indremedisin, så er autoimmune sjukdommar og viktig.

Og då brukar ein elliminasjonsdiett, i tillegg til tilskot. Sjå dr. Mark Hyman www.drhyman.com.

– Ein norsk lege som har brukt mykje tid på indremedisin, diett og Alberta tilskot: Lege Geir Guttorm Flatabø i Ulvik – Hardanger, men han har nådd pensjonsalderen. God betring og lykke til. P.S. Har du fleire spørsmål, still dei gjerne..

Boka eg anbefaler for vitamin/mineral: The Better Brain av Bonnie J. Kaplan, PhD og Julia J. Ruckledge PhD

Amazon USA/Kindle

Amazon UK

Bookdepository UK (porto inkludert)

Tanum Norge

Adlibris Norden

Apple Books