Frode Svindseth

Archive for februar 2018|Monthly archive page

Hjellegjerde Møbler – starten

In Uncategorized on februar 16, 2018 at 22:21

Korleis starta Hjellegjerde Møbler?

Svaret får du her:

Mindor Hjellegjerde fortel:

«Lenestolfabrikken Hjellegjerde, som den frå først av var kalla, tok til produksjonen sin i kjellaren og i ei stove i huset til Otto og Henny Hjellegjerde hausten 1941.

Dei første tilsette som var tre arbeidarar (utanom Otto og Mindor) vart tilsette den 13. oktober 1941. Seinare på hausten dette året kom to til.

Ei stove (den største av to) i bustaden vart, i den første tida, nytta til tilskjering og saum og elles ymse modellarbeid m.m. Elles vart deler av loftet nytta til lager, i tillegg til ymse andre lagerplassar.

At eit og anna arbeid gjekk føre seg på kjøkkenet, av og til i den første tida, høyrer også med – det var så mangt som skulle førebuast. Men likevel, det vert å gå litt for langt med eit spanande utsagn å seia at produksjonen starta her.

Eg har tidlegare gjort E.H. [Eldar Høidal] merksam på dette som eg vil kalle ei mistyding som her er blitt ført i pennen på ei veldig «fargerik» måte. -Industrisoge for Sykkylven s. 237 -.

Sjå meir om den første tida i heftet «Spiren» frå 2000.

Mvh Mindor Hjellegjerde»

Henta frå vidaresend mail: Fredag, 16 november 2007, <mindor@xi.no>.

Advertisements