Frode Svindseth

Er Twitter framtida?

In Uncategorized on juni 9, 2009 at 14:06
Image representing Twitter as depicted in Crun...
Image via CrunchBase

Med overskrifta «Hvorfor kvitrer alle plutselig?» Skriv doktorgradstipendiat Linda Elen Olsen ved Institutt for Informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen i magasinet Hubro til UiB om det nye mediumet Twitter.

«Blås i hva publikumssultne journalister, markedsførere og teknologfanatikere vil ha deg til å tro. Twitter er verken et teknologisk gjennombrudd eller en unik tjeneste som kommer til å forandre samfunnet slik det er i dag».

Og vidare:

«Twittter er faktisk lite annet enn en fremvisning av hva jeg bryr meg om, hva jeg vet, hvordan jeg har det og hva som er viktig for meg akkurat nå».

David Pogue i New York Times skriv bok med bakgrunn i spørsmål og svar på Twitter. Boka skal heite: The World According to Twitter – Crowd-Sourced Wit and Wisdom from David Pogue and His 350 000 Followers, Boka kjem ut 1 august 2009. Ho kan allereie førehandsbestillast på www.amazon.com .

Eg har følgd Pogue på Twitter og det er ei rad med ulike emne han tek opp på vegen sin til å skrive bok. Mellom anna humor. Sjå nærare på: http://davidpogue.com/bio_photos/twitter.html .

Både journalistar og PST er på Twitter. Journalistane for å følge med på det som skjer og rapportere og stille seg kritiske, Det er det som er jobben deira. Twitter er såleis ei ny plattform for nyhende. Kvifor vente på media, når ein kan følge twitter-meldinga til ein tiltalt i piratkopieringssaka i Sverige og få vite domen med det same. Ein kjem slik nærare nyhende. Men vi kan ikkje følge alle. Det kan heller ikkje PST. Eller journalistane, Ein må difor ta eit utval. Då fell twitringa om dei daglegdagse tinga gjennom, og ein stend igjen med twitrarar som gjev meining og har eit visst gjennomslag i samfunnet.

Dette er omtrent som utviklinga på området e-mail. Då e-mail eller e-post som det no heiter på norsk, var nytt, og få hadde det, kunne alle maile alle og få svar. No er det mykje verre. E-mail-adresser er vanskelege å få tak i og ein møter gjerne nokon som silar e-mailen til dei som er mest kjende og sit høgt oppe i samfunn-systemet.

På twitter er det vanleg for dei som er mest kjende å ha eigne program som twittrar for ein. Dei set ikkje sjølv og sender ut meldingar kvart 3 minutt. Det heile er automatisert. Slik til dømes Guy Kawasaki gjer det.

På 140 teikn kan ein få sagt mykje. Og føremoner har tenesten. Å redusere det slik som medievitar Linda Elen Olsen gjer ved å seie nærast at det er daglegdagse ting ein twittrar om, blir for enkelt.

Alle tenester og media på internett har gått gjennom ein modningsprosess, akkurat som ein har produktsyklusar for varer og tenester.

Med dette vil eg seia at kan folka bak Twitter tene pengar på tenesta, som til dømes ved å selje statistikk, vil ein ha fått ei endring i samfunnet. Ein får ein ny  måte å tene pengar på. Akkurat som når Google tener pengar på å gje folk gratis mail ved å bruke innhaldsretta annonser på sida. Eller at ein får web-sider med sal av ferdige manuskript til oppgåva di på gymnaset eller universitetet.  Det er meir effektivt enn før, men raskare går ikkje verda av den grunn. Det trur eg er ei myte. Det er framleis berre 24 timar i døgnet og folk har framleis like mykje å gjere.

Ein revolusjon er neppe Twitter, men det er ein fordel å gå langsomt fram, akkurat som det er med andre «mange til mange» tenester. Det er vanskeleg å spå om framtida. Det er først i ettertid at ein kan seie noko sikkert om historia.

Les heile artikkelen av doktorand i media Linda Elen Olsen ved UiB på: http://hubro.uib.no/hubro2-2009/hubro2-2009.pdf .

OPPDATERING:

«Twitter plukkes av og til ned en times tid om natten for å justeres, fikses og sendes ut på banen i bedre stand. Dette kaller de scheduled maintenance, og det er noe de med jevne mellomrom gjør. Igår skulle det være en ny runde med dette. Men da ble det oppstand! Folk skrev til Twitter og bønnfalte dem om å utsette, noe de til slutt gjorde etter først å ha prøvd å prate seg ut av det.

Årsaken var rollen Twitter spiller for opposisjonen i Iran og deres kontakt med utenverdenen disse dagene. jeg synes dette er en interessant samfunnsendring og den har kommet svært raskt.»

Frå NRK Beta: posted: 16 Jun 2009 08:05 AM PDT (Twitter ble nettopp viktigere)


www.svindseth.com (mi web-side)

Copyright 2009 Frode Svindseth (all rights reserved)

Reblog this post [with Zemanta]
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: